3 som prater

Emosjonsfokusert parterapi- når det blir vanskeleg å vere to

Publisert 16.06.2026

Opplever de avstand, konfliktar eller misforståingar i forholdet? Emosjonsfokusert parterapi hjelper dykk med å forstå kjenslene bak relasjonane, styrkje tryggleiken og finne tilbake til nærleik og kontakt.

Når det vert vanskelig å være to
Dei fleste av oss går inn i parforhold med eit ønske om å høyre til. Vi ønskjer å vere viktige for kvarandre, å kunne søkje støtte når livet er krevjande, og å kjenne at vi ikkje står åleine. Likevel opplever mange par at det som ein gong var trygt og nært, kan verte prega av konflikt, misforståingar eller avstand. Det vert vanskeleg å snakke saman og det kan kjennes ut som kranglane gjentek seg. Kanskje blir det slik at den eine trekkjer seg unna, medan den andre prøver å få kontakt. 
Då er det lett å tenkje at partnaren er problemet.

I emosjonsfokusert parterapi ser vi ofte noko anna. Bak konfliktane finn vi som regel menneske som lengtar etter kontakt og å ha det godt saman, men som har hamna i eit samspel der forsøka på å nå kvarandre i staden skapa meir avstand.

I kulturen vår vert ofte det å være sjølvstendig framstilt som eit ideal. Samstundes veit vi frå forsking at menneske er grunnleggjande relasjonelle. Vi treng andre gjennom heile livet. Det å vere avhengig av dei vi elskar, er ikkje eit teikn på svakheit. Det er ein del av det å vere menneske.

Når vi opplever at det er vanskeleg i parforholdet reagerer vi difor sterkt. Sinne, kritikk, tausheit eller tilbaketrekking handlar som oftast ikkje først og fremst om den følelsen som blir utrrykt. Under reaksjonane handlar det gjerne om frykt for å miste kontakten, kjensla av ikkje å strekkje til, eller tristhet over ikkje å bli møtt slik vi håpar.

I terapien arbeider vi med å forstå desse reaksjonane i lys av kjenslene og behova som ligg under.

Konflikten er paret sin felles fiende

Par kjem ofte til terapi etter mange år med fastlåste mønster. Begge er slitne. Begge kjenner seg misforståtte. Begge kan sitje med ei oppleving av at den andre ikkje ser eller forstår.

Eit viktig arbeid i emosjonsfokusert parterapi er å identifisere mønsteret som fangar dykk. Når vi ser korleis samspelet utviklar seg mellom dykk, vert det lettare å forstå både sine eigne og partnaren sine reaksjonar. Vi bevegar oss i terapien vekk frå spørsmålet om kven som har rett og over til å utforske kva som skjer mellom dykk. Målet er ikkje å vinne ein diskusjon. Målet er å finne tilbake til kvarandre.

Om emosjonsfokusert parterapi

Emosjonsfokusert parterapi byggjer på omfattande forsking om tilknyting og relasjonar. Terapiforma har som mål å styrkje den kjenslemessige tryggleiken mellom partnarar.

Når menneske opplever at dei kan vise sårbarheit og bli møtte med forståing, skjer det ofte noko viktig. Konfliktane mistar noko av krafta si. Det vert lettare å lytte, lettare å reparere etter usemjer og lettare å kjenne nærhet att.

Når kan parterapi vere nyttig?

  • Konfliktar som gjentek seg utan at de finn ei løysing
  • Kjenslemessig avstand eller einsemd i forholdet
  • Tillitsbrot eller utruskap
  • Belastningar knytte til barn, familie eller arbeid
  • Vanskar med nærleik, seksualitet eller kommunikasjon
  • Overgangar og kriser som utfordrar forholdet

 

Vi som arbeider som parterapeutar veit kor smertefullt det gjer når kontakten mellom partnere sviktar og avstanden vært uoverkommelig stor. Og vi veit kor verdifullt det kan være å få hjelp til å finne vegen tilbake.

 

 DSC0027 Guro Rekkedal

Psykologspesialist Guro Rekkedal arbeider med emosjonsfokusert terapi. Ho har brei erfaring med parterapi og hjelper par med å forstå mønster i relasjonen og styrkje den emosjonelle kontakten.