Cecilie og ungdom

Spiseforstyrringar: Sjå heile mennesket

Publisert 04.09.2026

Spiseforstyrringar handlar om meir enn mat, kropp og vekt. Bak symptoma kan det ligge vanskelege kjensler, relasjonar og livserfaringar. I terapi prøver vi å forstå kva spiseforstyrringa har hjelpt deg med- og finne nye, tryggare måtar å møte det vanskelege på.

Det alle ser, er maten, kroppen og kontrollen. Det færre ser, er kva spiseforstyrringa prøver å løyse.

Kjensler som får verke slik dei er meinte å verke, er i stor grad sjølvregulerande. Sinne kan hjelpe oss med å setje viktige grenser, stå opp for oss sjølve eller verne andre. Tristheit kan få oss til å søkje trøyst og støtte, og ho kan signalisere til omgjevnadene at vi treng omsorg. Frykt kan varsle oss om fare og hjelpe oss med å ta vare på oss sjølve. Når kjenslene våre får kome til uttrykk og blir møtte på ein god måte, hjelper dei oss med å tilpasse oss livet og det som skjer rundt oss.

 

Men kjensler får ikkje alltid lov til å verke slik dei skal. Det kan vere mange grunnar til det. Nokre har lært at visse kjensler ikkje er akseptable. Andre har opplevd at kjenslene deira ikkje har blitt møtte eller forståtte. Nokre har erfaringar som gjer at bestemte kjensler blir for overveldande, skremmande eller smertefulle å vere i kontakt med. Då vil vi alle naturleg søkje måtar å skape avstand til denne smerta på.

 

Mange som lever med ei spiseforstyrring, kjenner på mykje skam og fortviling. Mange opplever seg fanga i eit mønster der det ikkje berre handlar om mat, kropp eller vekt, men om forsøk på å handtere kjensler, relasjonar og livserfaringar som kjennest vanskelege å bere. Når ein blir oppteken av mat, kaloriar, trening eller kroppsvekt, kan merksemda flyttast bort frå noko anna som gjer vondt. Svolt, kontroll, overspising eller kompenserande åtferd kan gi ei kjensle av meistring, ro eller avstand til smertefulle kjensler – i alle fall for ei stund.

 

Årsakene til at ein utviklar ei spiseforstyrring, er mange og samansette. Det finst ikkje éi forklaring som passar for alle. Biologiske forhold, personlegdomstrekk, relasjonelle erfaringar, livshendingar, kultur og samfunnsmessige ideal kan alle spele ei rolle. Oftast er det fleire forhold som over tid bidreg til utviklinga av problema.

Dette betyr ikkje at den som har utvikla ei spiseforstyrring, har valt det. Tvert imot handlar det ofte om strategiar som opphavleg har hatt ein funksjon. Dei har hjelpt personen med å kome gjennom noko vanskeleg. Problemet oppstår når strategiane etter kvart blir så dominerande eller så risikofylte at dei skaper meir liding enn lindring.

Det er derfor viktig å møte spiseforstyrringar med undring heller enn fordømming. I staden for å spørje: «Kvifor gjer du dette mot deg sjølv?», kan vi spørje: «Kva hjelper dette deg med?» eller «Kva blir lettare når du gjer dette?». Slike spørsmål opnar for ei djupare forståing av kva funksjon symptoma har hatt i livet til den enkelte.

Samtidig er det avgjerande å ta spiseforstyrringar på alvor. Når måten vi regulerer oss på blir farleg for kroppen, den psykiske helsa, relasjonane eller moglegheita til å leve det livet ein ønskjer, treng den som har vorte sjuk hjelp til å finne andre måtar å møte det vanskelege på. Målet er ikkje berre å fjerne symptoma, men å utvikle ei større evne til å vere i kontakt med eigne kjensler, behov og erfaringar utan å måtte flykte frå dei.

 

I terapi arbeider vi derfor ofte både med å endre åtferda og det som ligg under. Vi utforskar kva spiseforstyrringa har betydd, kva ho har hjelpt med, og korleis nye og tryggare måtar å regulere seg på kan utviklast. Vi arbeider saman, gjennom dei vonde kjenslene, slik at dei ikkje lenger treng å regulerast bort gjennom mat, svolt eller kontroll. Slik kan det bli mogleg å leve med større fridom, fleksibilitet og kontakt med seg sjølv og andre.

 

 

 DSC0027 Guro Rekkedal

Guro Rekkedal, Psykologspesialist