DSC0027 Guro Rekkedal

Guro Rekkedal

Bergen, Psykologspesialist

Guro har brei erfaring med emosjonsfokusert terapi og kognitiv terapi for eteforstyrring, angst, depresjon, lavt sjølvbilde, traumer og relasjonelle vanskar.

Bestill time

Kanskje kjenner du deg stadig sliten og går med ei vond kjensle av at livet ikkje er slik du ynskjer det skal være for deg? Kanskje har du ei oppleving av at noko, nok ein gong, stoggar deg frå å leve livet slik du vil? Kanskje har du lenge tenkt at du treng å arbeide med opplevingar og erfaringar frå tidlegare som pregar deg i dag. Det er mange ulike årsaker til at menneske kjem i terapi. Saman finn vi ut kva du treng for å få det bedre.

Eg var ferdig utdanna psykolog frå Universitetet i Bergen i 2007. Eg har arbeidd mange år i spesialisthelsetjenesta, både med kognitiv terapi og emosjonsfokusert terapi. Eg er spesialist i psykoterapi med fordjuping i emosjonsfokusert terapi. Som terapeut er eg varm, engasjert og opptatt av at terapirommet skal vere ein trygg stad for deg.

Eg tilbyr hjelp til enkeltmennesker, par og foreldre som av ulike årsaker opplever vanskar. I tillegg til terapi, arbeider eg med rettleiing og undervisning. Eg har ei doktorgrad frå Universitetet i Bergen som omhandlar korleis kognitive funksjonar vert påverka under og etter ein depresjon.

Eg har stor forståing for at det kan vere vanskeleg og sårbart å oppsøke hjelp for sine vanskar. Det er viktig for meg å møte alle som kjem til behandling med respekt og varme slik dei fortener.